DØDSFALL OG GRAVFERD

Det er mykje ein må ta stilling til og mange val ein må ta etter eit dødsfall. Nokre gongar har ein hatt tid til å snakka om det ,andre gongar kjem dødsfallet brått. 

Vi vil hjelpe dokke og ivareta dei ynskjer dokke som pårørande har. 
Etter dokke har tatt kontakt med oss ,vil vi møtast for ein liten samtale. Denne kan vi ha heime hos dokke eller vi kan møtast på eit av samtaleromma våre. Etter gravferdslova skal gravferda finne stad innan 10 virkedagar etter dødsfallet. Ein kan ved spesielle tilfeller søke om utsetting. 

I samtalen vi har vil vi mellom anna snakke om kremasjon/begravelse, dødsannonse, musikk og andre innslag under seremonien, salmar/salmeark, melding om dødsfallet og blomster. Presten vil også møte dokke for ein samtale.

Kanskje har dokke ei grav som skal nyttast, eller det skal opprettast ei ny. Vi tek kontakt med det aktuelle kyrkjekontoret.

Dei fleste ynskjer ei dødsannonse i ei eller fleire aviser, men ikkje alle. Dette er opp til kvar enkelt. Vi er behjelpelig med å sette opp og sende inn annonser for dei som ynskjer det.

Vi har blomsterbutikk i Myrvåg og mykje erfaring innan sorgbinderi. Vi lagar alle typar binderi etter dykkar ynskje.  
Vi samarbeidar også med eit lokalt trykkeri, som lagar fine sanghefter til seremonien. Desse kan trykkast med eller utan bilete og på forskjellige typar papir.

Dersom dokke ynskjer solist ,men ikkje veit kven  som kan spørjast har vi fleire dyktige solistar å anbefale.


————————————


KVEN TEK SEG AV GRAVFERDA?
Dersom det ikkje føreligg ein skriftleg erklæring fra avdøde om kven som skal sørge for gravferda, har avdødes nærmeste etterlatte over 18 år rett til dette i følgende rekkefølge: ektefelle, barn, foreldre, barnebarn, besteforeldre, syskjen, syskjens barn og foreldres syskjen.

Kven gjer kva?
Etter eit dødsfall er det vanleg at dei pårørande henvender seg til eit gravferdsbyrå som er behjelpeleg med dei fleste praktiske spørsmål. Det er imidlertid ingenting i vegen for at ein tek hand om ein eller fleire av oppgåvene sjølv. Nokon ynskjer å gjere mest mogleg sjølv i forebuingar til gravferda. Andre vil overlate mest mogleg av den praktiske tilrettelegginga til byrået. Det er viktig å tenke over kva ein vil at andre skal ordne, og kva ein vil gjere sjølv.